Sommerpraten: Anders Totland

Gjennom sommaren frå 22,juni til 10.august vil de møta ei rekkje krimforfattarar på eit litt meir personleg og tilbakelent plan. Her blir de betre kjende med stemmene bak bøkene, og får ein liten sniktitt bak fasaden. Ein uhøgtideleg sommarprat med glimt i auget. Alle har fått dei same 13 sommerrelaterte spørsmåla frå oss i redaksjonen. Len deg tilbake i solstolen, og kos deg med eit glas sprudlande, medan du møter mennesket bak dei intrikate drapa som gir deg spenning i kvardagen. I dag; ANDERS TOTLAND

Me har alle dei heilt spesielle ferieminna våre. Fantastiske, overdådige reiser, eller heilt stille stunder i møte med menneske og natur. Kva er ditt aller beste ferieminne, Anders?

Som barn var noko av det finaste eg visste når eg og far min stod opp grytidleg, lenge før alle andre, tok på oss regnkleda og åt ein stille frukost framfor vedomnen, og gjekk ned til robåten med fiskeutstyret. Så la eg meg fremst i båten og berre kikka på fjorden og morgonen som vakna rundt oss, medan pappa rodde i seige tak, oppimot ein times tur, til den aller beste fiskeplassen vår, og kom tilbake med bøtter fulle av fisk.

Som vaksen er det ikkje til å komma frå at eg gler meg mest over det som òg er kjekt for ungane. Eit høgdepunkt var då me reiste til Sverige saman med eine bror min og familien hans, og både var på ein full Astrid Lindgren-rundtur i Småland, og hadde ein heilt fantastisk dag i Astrid Lindgrens Verden. Det er den einaste opplevingsparken eg nokon gong har vore i der eg har fått servert mat som eg lett kunne ha kjøpt på ein heilt vanleg restaurant. Kvalitet. Eg kan lett la meg begeistra av kvalitet, uansett kva det gjeld.

Men det aller ferskaste ferieminnet mitt som skil seg ut, er berre nokre dagar gammalt. For meg som aldri har vore interessert i fotball, er det heilt fascinerande, men det skjer altså noko uforklarleg i denne kroppen når eg ser jentene våre spela bra. Og den første dagen av årets Sør-cup vann dei 2-0 i ein kamp som kunne ha gått begge vegar. Det var utruleg deilig.

Anders Totland med den rykande ferske krimromanen han kjem med i haust; «Til døden skil oss» Foto: Atle Helland

Ein perfekt sommarferiedag kan vera så mangt. Kva er det som gir deg den heilt spesielle sommerferie-feelingen?

– Mine beste sommardagar startar med eit par timar med skriving før familien står opp. Så et me litt frukost og kjem oss ut på sjøen. Kanskje eg sym ein god tur før eg grillar lunsj eller middag, og så spring eg ein tur på fjellet når me kjem heim. Gjerne ein time eller to. Og skal dagen vera heilt perfekt, rekk me ein runde med kubb i hagen før ungane tar kvelden, og så får me ein liten gjeng med gode vener på besøk, eller kanskje eg og kona berre sit på terrassen og småpratar og kikkar utover fjorden, på småbåtane som enno ikkje har lagt til kai, og ferjene som går, og snøggbåten mot Skånevik, og då veit me akkurat kva klokka er, og så seier ein av oss at der gjekk siste båten, for sånn er det å bu ytterst i ein fjord.

Me les om sommarmat i spalte opp og spalte ned desse feriemånadene. Alle har sine eigne favorittar. Kva det er som gir deg den beste kjensla? Har du noko du vil karakterisera som typisk sommarmat?

Kreps, loff og majones. Og kanskje pittelitt sitron. Men ikkje dill. Aldri dill.

Kreps, loff og majones … utan dill!

Kva skal til for å få deg i skikkeleg sommerstemning, Anders?

– Skrubbsår, myggstikk og solkrem i auga. Og gode vener på terrassen når sola er på veg ned, med lett servering og gjerne noko som boblar litt.

Ingen sommar utan bøker. Slik er det for dei fleste av oss lesande. Om du skulle gitt oss nokre tips, kva bøker har du sjølv plukka ut av bokhylla når gradestokken har bikka 20 grader?

– Når me reiser vekk, tar eg gjerne med den nyaste boka til Jo Nesbø eller Tom Egeland. Det koplar eg godt av med. Elles les eg ein god del barne- og ungdomslitteratur, noko fleire for så vidt burde gjera. Dei siste bøkene eg har lese no, som absolutt kan anbefalast, er Kjenner du Becker av Elen Betanzo og Georg og kjelleren av Hilde Hodnefjeld, om ein gut som veks opp i ein familie som driv sitt eige gravferdsbyrå.

Har du ei heilt spesiell bok du ser fram til å lese akkurat denne sommaren?

– «Sommerboken» av Tove Jansson. Den les eg kvar sommar, og eg får skikkeleg sommarkjensle av det. Det er litt som då eg var liten, og me reiste på ferie til besteforeldra mine i Nordfjord kvar sommar. Kvart einaste år las eg om igjen ei bok eg hadde funne i hyllene der, Pionerens hemmelighet, og kanskje er det eit slags ritual for å finna tilbake til den rette stemninga, for eg les aldri andre bøker om igjen.

Sommaren i Noreg er lunefull. Av og til sol, men like ofte regn og kjølig nordavind. Kva gjer du om sommaren når det dryp frå takrenna?

– Badar i sjøen, spring i skogen, speler Mario Cart med (eller utan) ungane, lagar ein litt betre middag, eller sit under terrassen med varmelampane på og ei kaffikanne, medan eg snik inn eit par arbeidstimar med neste historie om Jacob Juul.

«Smaken av sommar» – fins den, og i så fall, kva er det eigentleg?

– Jordbær med vaniljeis. Kald øl i sola. Rabarbrasaft. Rundstykke med sveitt ost og skjelsand rett frå stranda. Nytrekt kaffi ein iskald morgon. Eit lett sommarkjolekyss når sola har gått ned.

Har du reiseplanar for sommaren 2024, og i så fall … kor går turen?

– Eg er så heldig å vera gift med ein lærar, så me har god tid saman kvar sommar. Det er verkeleg eit stort privilegium. Til vanleg er me stort sett heime det meste av sommaren, og får besøk av slekt og vener. Me bur trass alt i eit slags ferieparadis, med sjøen rett nedanfor huset, og både båtar og kajakkar tilgjengeleg. Men i år blir det likevel litt reising. Me startar ferien med ei lita veke på Sør-cup med fotballjentene våre, før me stikk innom Stavanger for å gifta vekk eine bror min på veg heim. Han har funne seg ei skikkeleg bra dame, og eg skal spela orgel i kyrkja, så det blir bra. Musikken eg skal spela når brudeparet går ut er faktisk oppkalla etter ein Geir Tangen-krim (eller var det kanskje omvendt?). Men ja, det blir Hjerteknuser av Kaizers Orchestra. Og så avsluttar me ferien med ein tur til Sitges, rett utanfor Barcelona, før skulen startar igjen. Det blir sikkert altfor varmt i starten av august, men bror til kona mi bur der, og me må nytta høvet til å sjå han når me kan.

Tek du turen til Sitges utanfor Barcelona i august risikerer du å møta på ein skjeggete kvinnhering …

Dei fleste av oss er stadig på jakt etter det ultimate ferietipset. Den staden i verda me ikkje har tenkt på at me burde reisa til om sommaren. Har du ein slik stad som du vil dela med lesarane?

– Nesten alle mine gode reiseminne er knytt til folka eg har reist med, og dei er det ikkje så lett å dela. I alle fall ikkje utan at dei blir med på det sjølv. Men eg får jo sett veldig mykje når eg turnerer med bøkene mine t il skular og bibliotek og festivalar over heile landet. Ein av dei finaste plassane eg har vore, der det òg er skikkeleg bra mat å få, er på Lovund på Helgelandskysten. Og har du først komme deg ut dit, tar du ein tur innom Træna òg. Elles bør sjølvsagt alle ta seg ein tur til Sunnhordland, og legga igjen så mykje pengar dei klarer hos butikkane og utleigeplassane der. Og bokhandlane, ikkje minst. Me har både isbre og fjell, fjord og hav, spekkhoggarar i fjorden og vennlege menneske. Dessutan har me to kokkar som har vunne Bocuse d’or, og ein restaurant med Michelin-stjerne. Det er rimeleg kult. I tillegg er det truleg det området i landet som har aller flest forfattarar per innbyggar. Så du kan jo prøva deg på ein liten forfattarsafari.

Restauranten «Iris» i Kvinnherad fekk si fyrste Michelin-stjerne i år, og det er litt av ei oppleving som ventar deg om du gjestar restauranten i Rosendal.

I sommar speler Tobias Santelmann Harry Hole i Oslo. Om du fekk velja ein norsk skodespelar til hovudkarakteren din frå bøkene dine. Kven skulle det i så fall vore?

– Det hadde vore utruleg kult om Lars Mikkelsen eller Stellan Skarsgård hadde spelt Jacob Juul. Det har eg tenkt heilt sidan eg skreiv Til jord skal du bli. Men så var eg på teater i vinter og såg Tollak til Ingeborg, og då slo det meg at det finst ein veldig god norsk kandidat òg. Eg er heilt sikker på at Kyrre Eikås Ottersen kunne gjort ein god pensjonert prest.

Om du har lurt på korleis forfattaren ser for seg den pensjonerte presten og heimebrentmeistaren Jakob Juul, så er det altså i Kyrre Eikås Ottesens skikkelse. Foto: Ulf R. Amundsen

Me må nesten avslutta denne sommarkrimpraten med eit skikkeleg krimtips. Kva krimroman meiner du at me bør plukka med oss frå bokstablane på Gardermoen før me flyg sørover?

Eg koser meg godt med Randi Fuglehaug sine krimbøker frå Voss. Og så er den nye serien til Ørjan N. Karlsson om Jakob Weber bra. Den passar godt i sommar, og kan absolutt anbefalast.


TIDLIGERE SOMMERPRAT:

22.juni – MERETE JUNKER

26.juni – ULRIK HØISÆTHER




Ett svar til «Sommerpraten: Anders Totland»

Legg igjen en kommentar

Om Nettstedet:

Krimlitteratur.com er drevet av krimforfatter Geir Tangen i et samarbeid med et utvalg av andre norske krimforfattere og bokbloggere. Her publiseres nyheter, tips og anmeldelser om norsk og internasjonal krimlitteratur, filmer, og krimserier.

Nettstedet er uavhengig av forlag, og drives utelukkende på ideell basis. Det vil si at nettstedet ikke mottar noen form for økonomisk støtte, og at bidragsytere ikke får økonomisk kompensasjon for sine artikler eller anmeldelser.

Bidragsytere navngis i artiklene, de står selv ansvarlig for det publiserte innholdet, og det lenkes til deres egne blogger eller hjemmesider der det er aktuelt.


BIDRAGSYTERE:

Geir Tangen (red.)

Kjell Magne Gjøsæther

Ernst Stenberg

Sven Petter Næss

Henning Sviland

Anne Lise Johannessen

Anita Ness

Magasinet Hverdagsnett

Lotten Glans

Agnes Lovise Matre

Tine Sundal