Reiersgård held koken med Liksteinen

Det har gått fem år sidan sist me høyrte noko frå Marit Reiersgård, men når me fyrst vart frakta med attende i hennar univers, så var det med ei kjensle om at me aldri har vore borte. Marit Reiersgård har skrive ein heilstøpt kriminalroman enno ein gong, seier vår anmeldar Kjell Magne Gjøsæther.

Dette er bok nr. 5 i serien om etterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen. Boka kan lesast frittståande, men det blir tilrådd å lesa dei kronologisk for å få fullt utbytte av relasjonshistoria rundt karakterane.

Reiersgård tek oss blant anna med til Hallingdal i denne boka. Bitte Røed har reist opp dit for å besøkja ei gammal venninne, men medan ho er der, avdekkjer ho ting som har forgreiningar til eit drap i Drammen. Verner Jacobsen har saka der ein mann vert funne død i ei kiste i ein leilegheit i Drammen. Dei har få spor å gå etter, men etterkvart som dei etterforskar saka, så aukar ho i omfang. Fleire liv står plutseleg i fare…

Me fylgjer to historier parallelt, og med klassiske cliffhangarar og vekselsvise kapittel, så opprettheld forfattaren både spenning og mystikken rundt det som går føre seg. Ho bind rett nok historiene tidleg saman, men likevel så står dei sjølvstendig i den forstanden at ho har splitta dei to hovudkarakterane, og plassert dei på kvar sin kant.

Som i dei førre bøkene, så er det eit tett og nært forhold mellom Bitte og Verner. Likevel har det oppstått ein avstand mellom dei, etter det som hende i førre bok. Reiersgård spinn vidare på dette, og me får ein fin og truverdig utvikling. Dette er ei god bi-historie der moralske dilemma og samvit vert sett på prøve.

Dette er ein skikkeleg politikrim utan dei store actionscenene. Etterforskingsdelen står for hovedtyngda av historia. Me får ta del i avhøyr, samtaler, mistankar og tekniske og taktiske undersøkingar. Framdrifta i historia kjem av nitidig etterforsking, der me fylgjer både blindspor og forløysande oppklaringar undervegs.

Plottet er innfløkt og det kjennest som om Reiersgård nyttar seg av eit vevkjerringsnett med mange koplingar. Eg gav etterkvart opp forsøket på å finna ut kven som stod bak, og lét meg heller blenda inn i universet. Dette valet angrar eg ikkje på, for det er ei velskriven historie med mange gode miljøskildringar.

Reiersgård klarer å skapa gode spenningstoppar og kjem stadig med ny utvikling i saka. På denne måten sakna eg ikkje actionscener i det heile tatt. Det heile kjennest truverdig og fører til ein fin dynamisk framdrift boka gjennom.

Språkmessig er Reiersgård solid. Ho har ei klar framtoning i språket som ikkje gir rom for misforståingar medan ein les. Ho lemnar ingenting til tilfeldigheitene og det kjennest heilstøypt. Sluttpartiet vart derimot eit lite antiklimaks for min del. Forfattaren skal likevel ha ein god dose ros for at ho tek lesaren med på ein oppklarande og fin gjennomgang av saka.

Karaktermessig er det ein fin balanse mellom det gode og det vonde. Det er fleire potensielle gjerningspersonar, og ikkje alle har reint mjøl i posen utan at dei nødvendigvis har noko med saka å gjere av den grunn. Her må ein prøva å sila vekk dei små ubetydelege tinga medan ein les. Noko som skal visa seg å verte vanskeleg. Så her har forfattaren smidd saman eit velkomponert plott.

Forfattaren speler heilt bevisst på personkarakteristikk. Dette kjem meir til overflata hos henne enn det ein kanskje ser i andre krimbøker. Ho nyttar verkemiddel som reaksjonsmønster og andletstrekk for å skapa eit imaginært bilete hos lesaren. Dette fungerer godt, og ein får kjensla av å vera ei fluge på veggen i gitte situasjonar.

«Liksteinen» er ein etterforskingskrim utan dei store actionscenene. Likevel klarer forfattaren på eit imponerande vis å halda spenning og intensitet oppe. Med ei realistisk handling og truverdige karakterar, er dette ein velkomponert krimroman som plasserer seg i toppsjiktet innan norsk krim.



Legg igjen en kommentar

Om Nettstedet:

Krimlitteratur.com er drevet av krimforfatter Geir Tangen i et samarbeid med et utvalg av andre norske krimforfattere og bokbloggere. Her publiseres nyheter, tips og anmeldelser om norsk og internasjonal krimlitteratur, filmer, og krimserier.

Nettstedet er uavhengig av forlag, og drives utelukkende på ideell basis. Det vil si at nettstedet ikke mottar noen form for økonomisk støtte, og at bidragsytere ikke får økonomisk kompensasjon for sine artikler eller anmeldelser.

Bidragsytere navngis i artiklene, de står selv ansvarlig for det publiserte innholdet, og det lenkes til deres egne blogger eller hjemmesider der det er aktuelt.


BIDRAGSYTERE:

Geir Tangen (red.)

Kjell Magne Gjøsæther

Ernst Stenberg

Sven Petter Næss

Henning Sviland

Anne Lise Johannessen

Anita Ness

Magasinet Hverdagsnett

Lotten Glans

Agnes Lovise Matre

Tine Sundal